Terje Sporsem: Religion

Terje Sporsem er endeleg tilbake med eit nytt standup-show som tek føre seg eit av dei mest morosame, men også mest ømfintlege tema som finst, nemleg religion. Med seg på regi har han den prisbelønna regissøren Per-Olav Sørensen som mellom anna står bak NRK-suksessen «Nobel».

Etter fleire år med søking som ungdom, fekk Terje aldri svar frå Gud og ga til slutt opp. Sidan då har han undra seg over og vore fascinert av menneske som meiner at dei har fått svar og som vier livet sitt til skrifter i ei bok. 

Kva er det som får ein gjeng trønderar til å konvertere til islam og reise til Syria for å kjempe med IS? Kvifor protesterte ingen då Abraham ville omskjære alle? Var Moses heilt tilrekneleg? Og kvifor ønska ikkje Muhammed å bli avbilda? Dette er nokre av spørsmåla Terje stiller seg i sitt nye show. 

Med sitt forrige show «KRIG» viste Terje at ein kan spøke med alvorlege tema og likevel få folk til å le. Denne gongen blir det enno meir morosamt!

Dato Kl Plass
tor 16.nov 19:00 Konsertsalen Kjøp  

Billetter kan også kjøpes på app! Last ned eBillett for Android eller iPhone

Heile programmet

Scene

29.apr
Faulty Towers the Dining Experience
Les meir
12.aug
Eva Weel Skram, Philippe Quint og Kaunas Symphony Orchestra
Les meir
Meny Lukk