Faulty Towers the Dining Experience

Med humor som hovudrett

Vi inviterer til nok eit møte med denne herlege gjengen og all galskapen!  

Det kan kanskje ha vore flira meir på kortare tid av eit gaffel- og karaffelpublikum under eit show, men eg tvilar på det, sa Rogalands Avis etter å ha opplevd ein middag med Faulty Tower. 

Maniske Basil, dominerande Sybil og den språkforvirra og klønete Manuel var av dei første som serverte eit show på Fosnavåg konserthus. No er dei tilbake med «Faulty Towers The Dining Experience», eit interaktivt, to timar langt show fullstappa av latter og humor - i følgje med god mat. 

Showet har vore både på Sydney Opera House og Royal Albert Hall og Daily Telegraph kallar det «A two hour eat, drink and laugh sensation». 

Prisen inkluderer 3-rettars middag som vert servert av Faulty Tower og er ein del av showet

Dato Kl Plass
lau 29.apr 20:00 Konsertsalen

Billetter kan også kjøpes på app! Last ned eBillett for Android eller iPhone

Heile programmet

Scene

29.apr
Faulty Towers the Dining Experience
Les meir
12.aug
Eva Weel Skram, Philippe Quint og Kaunas Symphony Orchestra
Les meir
Meny Lukk