Årets første julekonsert

Den internasjonalt kjende operasongaren Hege Gustava Tjønn direkte frå Chicago og Tokyo til Fosnavåg

Arrangementet har fått namnet "Årets første julekonsert" fordi det er eit samarbeid med Fosnavåg Shippingklubb som kvart år arrangerer Årets første julebord denne dagen.

Hege Gustava Tjønn, som er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og Statens Operahøgskole, har hatt fleire store roller, mellom anna som Nattens dronning i Mozarts Tryllefløyten, Zerbinetta i Richard Strauss’ Ariadne auf Naxos, Violetta Velery i Verdis La Traviata og Musetta i Puccinis La Bohem. Ho har tidlegare gjesta Den norske opera i Oslo, samt ei rekke internasjonale operascener. Mellom anna Innsbruck, Salzburg, Malmø, Dresden, Magdeburg, Saigon og Vancouver. Ho har til dagleg hovudsete i Wien, der ho også har vore aktiv i det lokale musikkmiljøet. Hege har oppnådd internasjonale utmerkingar som 1. pris ved Leyla Gencer Internasjonale Sangkonkurranse i Istanbul og beste norske songar i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse.

Med seg på konserten har ho fått med seg den kjende norske pianisten Ivar Anton Waagaard, som er førsteamanuensis i akkompagnement ved Norges Musikkhøgskole. Han har turnert i USA, fleire europeiske land, samt over heile Noreg, blant anna på Festspillene i Bergen, Nordlysfestivalen, Oslo kammermusikkfestival, Olavsfestdagene, Kristiansund operafestuke, Trondheim kammermusikkfestival og Festspillene i Harstad. Ivar Anton har dessutan vore med på eit hundretals radio- og TV-innspelingar, fleire titals plateinnspelingar, samt innspelingar av musikk til filmar, radioteater og TV-teater.

På Årets første julekonsert, som blir arrangert i samarbeid med SpareBank 1 Markets, vil publikum få høyre utvalde ariar frå mellom anna Bach, Mozart, Verdi og J. Strauss

_
_
_