Bjørn Eidsvåg med band på Herøy amfi

I sommar tar Bjørn Eidsvåg turen til nokre utvalde konsertscener rundt om i landet. Med seg på vegen har han sitt framifrå band og ein rikhaldig katalog med kjende og kjære låtar.

Etter suksessen i fjor der utekonserten med Vamp samla ca 1500 mennesker i uteamfiet på Herøy er vi glade for - i tett samarbeid med HERØYSPELET - å kunne ynskje velkomen til utekonsert med Bjørn Eidsvåg og hans eminente band. 

Eidsvåg har det siste året konsentrert seg om teaterframsyninga Etterlyst: Jesus, som har blitt spilt for fulle hus på Det norske teatret i Oslo, og konserten vil nok inkludere nokon av dei nye songane som vart spesialskreve til dette prosjektet, og som vart sluppe i haust.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skreve ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ein unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noko som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn og bandet er ei oppleving som egnar seg like godt i Oslo Spektrum som i mindre kyrkjer og kulturhus. 

Billettar til Bjørn Eidsvåg med band på Herøy amfi

  1. Lau 19. aug kl 19:00 Uteamfi på Herøy Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_