Ålesund kammermusikkfestival: Counterpoint Ensemble

Counterpoint Ensemble er ei strykergruppe frå dei sørlege delane av Taiwan som gjestar Fosnavåg i samarbeid med Ålesund kammermusikkfestval.

Gruppa vart etablert av Kung-Ling i 1997, og består av ei rekke profesjonelle og lidenskapelege musikarar. I tillegg til kammermusikk, samarbeider gruppa også med ulike artistar, dansarar og skodespelarar innan klassisk musikk. På denne måten når dei ut til enno fleire med den klassiske musikken, noko som er ein av visjonane til gruppa.

Counterpoint Ensemble har spelt i ei rekke kjende konserthallar i Taiwan, deriblant i Kauhsiung og Taipei, men også utanlands. Ensemblet turnerar ofte rundt om i større byar i Taiwan, og held ein svært høg standard. Dei har mottatt ei rekke prisar og får gode tilbakemeldingar frå publikum.

_
_
_