Egil Olsen med band

“Den finurlige Egil Olsen er noe av det fineste og mest underfundige vi har.” - VG

Egil Olsen er ein singer / songwriter utanom det vanlege. Med sine små, men store songar, balanserer han sårheita, varmen og melankolien i musikken, med sin uforutsigbare lune humor og komiske timing på scena. Han har turnert i både inn- og utland, og spelt på alt frå bittesmå kafear, til Rockefeller i Oslo - frå dei minste hagefestane, til hovudscena på Øyafestivalen. Til Fosnavåg har han med seg musikarane Gunnar Sæter på trommer og Jørn Erik Ahlsen på bass og gitar.

I 2015 slapp han albumet ‘ooo what happened’ til strålande omtale. “Hinsides vakre låter” skreiv Dagbladet og ga den terningkast fem, medan musikkekspert Audun Vinger i Dagens Næringsliv omtalte Egil Olsen som "en av landets aller beste låtskrivere."

Han illustrerer sine eigne platecover, har hatt kunstutstillingar og hadde nylig eigen dagleg teikneseriestripe i Dagbladet om livet sitt som “relativt ukjend superstjerne”. Han lagar også sine eigne musikkvideoar og har jobba med filmmusikk både her heime og i Japan. Han har også nyleg bidratt med musikk til det nye store norskproduserte dataspelet 'Drømmefall’, der han i tillegg dukkar opp i sjølve spelet, som ein animert syngande dataspelkarakter. Egil Olsen har til og med fått si eigen hyllestplate der norske artistar som Thom Hell, Side Brok, Robert Post og Sondre Lerche tolkar songene hans.

På seinsommaren slepp han sitt nye album ‘you and me against the world’, ein oppløftande og livleg kontrast til forrige album. Med glimt i auget og eit meir rocka uttrykk, leverer han eit album med lidenskapelege poplåtar om uovervinneleg kjærleik i ei gal, gal verd. 2017 markerer også 10-årsjubileet til debutalbumet ‘i am a singer / songwriter’.

 

Billettar til Egil Olsen med band

  1. Fre 15. sep kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_