Elise Nærø med band

Bli med på Elise sin første konsert som soloartist!

Elise, kjend som lokal artist, etterspurd musikkpedagog og ikkje minst som topp 5 i The Voice 2017, vil gi deg muligheita til å bli med på den første av ei rekke konsertar som skal haldast i ein rekke byar i løpet av 2018.

Elise har med seg eit band med dei beste av hennar musikalske vener frå studietida ved Institutt for rytmisk musikk ved UiA i Kristiansand. Dei er alle utøvande musikarar i dag, og spelar med fleire kjende artistar og band.

Du kan forvente deg ein konsert med Elise og hennar band som du ikkje har høyrt maken til.
Du vil være den første som høyrer hennar eigne, sjølvkomponerte låtar i ny drakt, live. Låtane blir framført med ein groove, trøkk og allsidigheit i stemmen som du til no berre har fått ein forsmak på.
Det blir garantert høg gåsehudfaktor og musikarar av høgaste kvalitet. Ein konsert prega av Elise sin store soulstemme og bandet sin nære relasjon.

Kjøp billettar, og du vil vere den første som får oppleve Elise som den soulstjerna ho er.

Billettar til Elise Nærø med band

  1. Fre 2. mar kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_