Fjord Cadenza: Eva Weel Skram in Symphony

Eva Weel Skram in Symphony i møte med den verdskjende fiolinisten Philippe Quint og Kaunas City Symphony Orchestra

Også i år blir årets store konsert frå Fjord Cadenza lagt til Fosnavåg konserthus. I år får vi høyre Eva Weel Skram saman med det fullverdige symfoniorkesteret Kaunas City Symphony Orchestra under leiing av Rune Bergmann. 

I tillegg får vi oppleve den verdskjende fiolonisten Philippe Quint! Quint er ein stor virtuos, og er rekna blant verdas fremste nolevande utøvarar på sitt instrument! Quint er ein skikkeleg friskus, og han gler seg stort til å kome til Norge for første gong.  I tillegg til å begeistre det sunnmørske publikummet har han store planar om å få ein smakebit av dei vakre sunnmørsfjella!

Billettar til Eva Weel Skram in Symphony

  1. Lau 12. aug kl 19:00 350 kr   Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_