Chopin i ord og tonar Grzegorz Niemczuk

Grzegorz Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen.

Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking. No har pianisten heile verda som sitt virkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land – likeeins Amerika, Asia, Afrika og Australia.

No kjem denne eminente pianisten til Fosnavåg konserthus med eit program som har fått tittelen «Chopin i ord og tonar». Grzegorz Niemczuk vil gi til beste eit program beståande av dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjende verka av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for han å formidle sin landsmanns musikk. Konsertens krevjande program vil til fulle viser Grzegorz Niemczuk sin virtuositet og hans evne til å formidle kvart enkelt musikkstykke sitt særpreg og kjenslemessige dybde.

2010 vann Grzegorz Niemczuk 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no sett på som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar.

Hans siste utmerking var publikumsprisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea hausten 2016. Grzegorz Niemczuk har allereide eit stort internasjonalt navn. I si korte karriere har han spelt med fleire av verdas fremste symfoniorkestre.

Grzegorz Niemczuk har gjesta Noreg kvart år sidan 2010. 2018 teiknar til å bli eit like så aktivt år for den unge pianisten som dei foregåande. Året startar med ein omfattande turné til Japan. Og deretter turné i Noreg. I tillegg til konserten i Fosnavåg, vil Grzegorz Niemczuk under denne Noregsturnéen halde konsertar i Ullensaker, Os ved Bergen, Stranda og Årnes i Akershus. I tillegg vil han dette året halde meisterklasser ved Noregs Musikkhøgskule for tredje året på rad.

Grzegorz Niemczuk er ikkje berre ein eminent og virtuos pianist, han er også ein strålande pedagog og kåsør. Som alltid når han konserterer, vil han også denne gongen fortelje om den musikken han skal framføre. Dette gjer ein konsert med Grzegorz Niemczuk til ei heilt spesiell og givande oppleving.

Billettar til Grzegorz Niemczuk

  1. Søn 11. feb kl 18:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_