Hva er det for no' i do, mon tro?

Alle barnehagane i Herøy er invitert til denne framsyninga, men den er open for alle!

Ei fargerik og fartsfylt framsyning med musikk, sang, dans og tøysete vitskaplege påfunn i ein god halvtime og som passar best for barn mellom tre og åtte år.

Det handlar om Alma. Ho tenkjer at ho sit fint i det. Ho skal i bursdag, men mamma seier at ho ikkje får lov til å gå før ho har tissa. «Vi skal ikkje ha endå ei episode», seier mamma. Men det mamma ikkje veit, og som gjer ting både komplisert og kanskje farleg, er at det bur eit monster i do! Det har Alma sett med sine eigne auge. Dette er ei framsyning som dreg barna med i handlinga, og det er til slutt dei som må sette saman miksturen som forhåpentlegvis vil fjerne do-monsteret for godt.
Framsyninga er skriva og produsert av Pia Aamodt-Løken og Lisa Uhlen.

Billettar til Hva er det for no' i do, mon tro?

  1. Mån 23. okt kl 10:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_