Image in my music

Eit multi media, multi dimensjonalt konsert-show med Ragin Wenk-Wolff (fiolin) og Tor Espen Aspaas (piano)

“Image in my Music” hadde premiere på Kilden i Kristiansand i 2014, foran et meget begeistret publikum. I showet får man oppleve det Ragin Wenk-Wolff ser i sitt indre når hun spiller på sin Stradivarius fra 1689. Høres det rart ut? Neida.

 - Inni mitt hode har musikken fargar, formar, teksturar og andre bilete, forklarer Ragin som i showet tar oss med på ei magisk reise inn i ein musikars indre verd. Det blir litt som i dei store Hollywoodfilmane, men med motsatt forteikn. I filmen er musikken med å få fram stemninga i det som skjer. I Ragins show er det kvalitets-musikk for alle og einkvar, framført “live”, som blir forsterka, innpakka i ei visuell draumeverd som vi blir med inn i.  Hennar multi-dimensjonale oppleving av musikken inkluderer fargar, formar, bilder, teksturer, lys, mørke, tykt, tynt, høgt, lågt, nært, fjernt, gjennomsiktig, solid, skiftande atmosfære og meir.  Ragins multi-mediale konsert-show  kombinerer hennar eigen billedkunst med foto- og filmkunst av Kai-Wilhelm Nessler og er produsert av Virtuell-Teater designer Joachim Schamberger.  Vi får samtidig oppleve musikken med heile 6 forskjellige kostymer, som harmonerar i Ragins indre rike med fargane og atmosfæren til kvart nummer i programmet.

Ragin Wenk-Wolff frå Lindesnes flytta nyleg tilbake til Norge etter mange år i New York. Ho har bak seg alt frå hyppige radio- og TV-framsyningar, uroppføringar og CD-innspelingar av fiolinkonsertar komponert for og tilegna henne, til utstillingar av eigen kunst kombinert med konsertar på stader så ulike som Paris og Lyngdal.

Tor Espen Aspaas er ein av våre fremste pianistar; professor ved Norges musikkhøgskole, ein allsidig musikkformidlar og grunnleggar av kammermusikkfestivalen Vinterfestspill på Røros. Han har vore solist med talrike symfoniorkester i inn- og utland og motteke ei rekkje utmerkingar, som Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden i 2016. Aspaas er fascinert av humor i musikk og improviserte parafrasar, noko som merkast i denne framsyninga.

Idé / konsept, produsent, biletkunst, kostyme: Ragin Wenk-Wolff
Virtual theater design, produsent: Joachim Schamberger
Fotograf: Kai-Wilhelm Nessle
Saum: Irene Nilsen

www.raginww.com

_
_
_