Kari Bremnes

Kari Bremnes med nytt album og norgesturné!

Kari Bremnes er ein av våre aller fremste låtskrivarar og songarar og ho er ein formidabel live-artist. Hennar evne til nå ut til folk over heile landet er bemerkelsesverdig, og Kari knytter sterke band til sitt stadig større publikum.

Til hausten er ho klar med nytt album og sin mest omfattande turné nokonsinne.

- Konsertane er det mest spennande eg gjer. Og vi snakkar høgspenning. Det er der vi møtest med alt vi har, sal og scene. Eg har alltid hatt stor respekt for publikum, men dei første åra var eg reddare. Etterkvart har vi utvikla noko som liknar eit vennskap, publikum og eg. Det er ei absolutt forvandling, seier Kari Bremnes.

Kari har skreve songar halve livet, vore artist enno lenger og gjennom åra har ho utvikla nærast ein eigen sjanger. Kjernen i den er nærheten til folk og historiane rundt liva vi lever. Om å miste, om å finne. Om storheit og trivialitetar.

Billettar til Kari Bremnes

  1. Lau 11. nov kl 19:30 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_