Klassisk konsert med Tosca Ensemble, treblåskvintett

Denne treblåskvintetten er samansett av unge musikarvener frå Mediterraneanområdet Marina Alta, òg kjend som Alicante i Spania.

Dei er topp profesjonelle, klassisk skulerte musikarar med konservatorieutdanning. Dei har alle gått i lære med professorar i verdsklasse og vil spele eit fantastisk program for oss. Vi vil få høyre musikk både frå spanske komponistar og andre europeiske kjende og kjære komponistar. Programmet er variert, utfordrande, fantastisk flott og svært spanande. Mellom anna vil ein få høyre det kjende og kjære verket til den spanske komponisten Miguel Asins Arbó (1918-1996) Raíces I. Castella   II. Catalunya   III. Asturias   IV. València   V. Sevilla. Satsane har fått namn etter regionen, og kvar sats presenterer ein kjend spansk tradisjonsong frå det området.  Kvintet op. 43 av den danske komponisten og dirigenten Carl Nielsen er truleg eit av dei mest populære kvintettane i Scandinavia. Verket står av 4 satsar. I. Allegro ben moderato (E-dur)   II. Menuet (A-dur)   III. Præludium. Adagio (C-moll)   IV. Tema con variaziones. Un poco Andantino (A-dur) Nielsen komponerte Kvintet i begynnelsen av 1922 og fullførte verket i april medan han var gjestedirigent i Gøteborg. Det verte sagt at Nielsen var inspirert til å komponere dette stykket etter at han høyrde Københavns Blæsekvintet. Han dedikerte dette verket til ensemblet sine 5 medlemmar. I den siste satsen brukar Nielsen tonen av si eiga hymne Min Jesus, lad mit hjerte faa som tema for dei ulike variasjonane. Tosca Ensemble vil òg framføre eit verk komponert i nyare tid, i 2009 av den spanske dirigenten og komponisten José Rafael Pascual Vilaplana (1971-) Paisatges del la má. I. El Batà II. El Manxem.  Dette er eit utruleg flott og moderne verk som tek med seg publikum på ei musikalsk biletleg reise og viser dei musikalske landskap. Det er første gongen dette verket blir framført i Norge! Tosca Ensemble vil òg spele Quintet No.3 i F-Dur. I. Allegro maestoso  II. Larghetto sostenuto   III. Rondo: Allegro con brio av Giuseppe Maria Cambini (1746-1825), er  komponert i den klassiske perioda mellom 1797 og 1802 og eit litt morosamt stykke for oss av den ungarske komponisten Denes Agay (1911-2007) Five Easy Dances I. Polka  II. Tango   III. Bolero   IV. Waltz  V. Rumba Denne musikken vil garantert får dansefoten til å røyre på seg, og eit svært populært stykke av Malcolm Arnold (1921-2006) Three Shanties I. Allegro con brio   II. Allegretto semplice   III. Allegro vivace. Verket  vart første gong framført i 1943 og musikken er full av humor,  raske temposkifter og litt galskap. I første sats kan ein høyre utdrag av den kanskje mest kjende sjøvisa What Shall We Do With the Drunken Sailor? Andre sats er basert på sjøvisa Boney Was a Warrior, og tredje sats er basert på arbeidsvisa Johnny Come Down to Hilo.

?Medlemmane i den nyetablerte kvintetten er: 
Andrea Costa er utdanna fløytist frå musikkonservatoriet i Alicante. Ho er mellom anna medlem i det filharmoniske orkesteret ved universitetet i Alicante og The World Orchestra og kan skilte med beste student, året 2015.

Alba Sanz Ponce er utdanna oboist ved musikkonservatoriet i Alicante og lærarutdanning i musikk ved universitetet i Valencia. Ho arbeider som obolærar og er medlem i symfoniorkesteret ved universitetet i Alicante og symfoniorkesteret ved universitetet i Valencia.

Cristian Escolano Burgos er utdanna klarinettist ved musikkonservatoriet i València, her oppnådde han utmerket kvalifikasjonar i klarinett-interpretasjon. Cristian er òg dirigent og dirigerer Youth Wind Ensemble av Xeraco. Cristian er medlem i kvartetten Quartetto di Arancione.

Adriá Tomàs Peñalver er utdanna hornist ved musikkonservatoriet i Valencia. Her vann han den prestisjefyllte studentprisen i 2008. Adrià har lang fartstid som hornist og har spele i ei rekkje profesjonelle orkester og ensembler i Spania, mellom anna Quintet Verger, og 5fanBrass.

Vicente Noguera Gracia er utdanna fagottist ved Norges musikkhøgskule og har jobba som freelance fagottist i mange norske og spanske orkester. Mellom anna Forsvarets musikkorps i Nord Norge, KORK, og jamnleg vert han leigd inn som fagott i Volda symfoniorkester. Dette vert ein konsert litt utanom det vanlege. Det vert servert både ville, vakre, mystiske, magiske, litt seriøse, rolege og virtuose tonar på desse konsertane. Ta turen til Gjerdsvika eller Volda denne februarhelga.

Dette blir ei oppleving verdt å få med seg!

Born under 16 år gratis

Billettar til Klassisk konsert med Tosca Ensemble, treblåskvintett

  1. Fre 9. feb kl 19:30 300 kr   Volda Kyrkje Les meir Kjøp
  2. Lau 10. feb kl 18:00 300/160 kr   Fredtun i Gjerdsvika Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_