Klavertrio

Fiolinisten Ai-Ling Chiu, busett i Ålesund kjem til Fosnavåg saman med cellist Audun Sandvik og pianist Sveinung Bjelland

Ai-Ling Chiu er frå Taiwan og har si utdanning frå National Taiwan Academy of Arts, Master Degree in Music frå School of Fine Arts, University of Kansas i U.S.A., og har sist gjennomført ein Solist Diplom utdanning ved Høgskolan för Musik och Drama, Universitetet i Gøteborg. Hennar viktigste lærarar har vore Prof. Jung-Ping Hsieh, Prof. Ben Sayevich, Mr. Eric Rosenblith, and Prof. Per Enoksson, foruten master class med m.a Pinchas Zukerman, Milan Vitek, Vadim Gluzmann, Zakhar Bron og Takacs String Quartet. Ho har vore solist med National Academy of Arts Symphony Orchestra i Taipei, Universitetetsorkesteret i Bergen, Ålesund Symfoniorkester, og med Gøteborg Symfoniker, Sveriges Nasjonalorkester. Ved sidan av sitt virke som fiolinist i Ålesund Strykekvartett, har ho holdt ei rekke kammer- og solokonsertar i regionen, og var i 2010 som kunstnarleg leiar med på å starte eit prosjektbasert kammerensemble, Ålesund Kammersolister, og Ålesund Kammermusikkfestival. I juni 2017 urframførte ho fiolinkonsert skrive til henne og Ålesund Kammersolister av komponist Bjørn Morten Christophersen. Ai-Ling Chiu var i 2009 hovedmottakar av Sparebanken Møre sitt Gnist stipend, og med dette og støtte frå Stiftelsen Kjell Holm som grunnkapital kunne ho i 2012 kjøpe sin C.G Testore fiolin frå 1710.

Audun André Sandvik har studert i Noreg og i USA. Han er solocellist i Kringkastingsorkestret og i Det Norske Kammerorkester, samt cellolærar ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg til sin posisjon som Professor i cello ved Musikkonservatoriet, UiT og Norges Arktiske Universitet. Audun sitt leikne og inderlege spel gjer ham til ein ettertrakta solist og kammermusikar på internasjonale scener. Audun er kunstnarleg leiar for den klassiske kammerfestivalen Gloppen Musikkfest. Han spelar på ein cello frå 1695, bygd i Roma av Giorgio Taninger. Han har saman med Sveinung Bjelland hausta strålande kritikk for CD-innspeling av Schostakovich og Rachmaninov sonater som kom ut i år. 

Sveinung Bjelland har i fleire år stått i første rekke blant våre klassiske pianistar. Han har blitt omtalt som ein musikar med ei sjeldan evne til å ikle seg musikken han spelar og at lyttaren finn seg godt til rette i hans grep. Han har ei rekke vellukka innspelingar bak seg, både som solist og kammermusikar. Ikkje minst innspeling med sonatar av Scarlatti og Mendelssohn, er blitt mottatt med begeistring. Musicweb International skreiv: "Disse tolkningene har mye raffinement, og den fantasifulle sammenstillingen finner sin gjenklang i den smakfulle og fantasirike fremførelsen". Classics Today fremhevet pianistens "kultiverte, fantasifulle og poetiske artisteri" og konkluderte: "Ingen klaverkjenner med respekt for seg selv burde gå glipp av denne høyst markante utgivelsen". Innspillingen ble nominert til Spellemannprisen 2006. 

Billettar til Klavertrio

  1. Lau 3. mar kl 15:00 290/100 kr   Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_