Knut Reiersrud m/band

Knut Reiersrud burde ikkje trenge nokon introduksjon. I fleire tiår har han turnert inn- og utland, vore innom dei fleste sjangrar, og er i det heile tatt ein av landets mest aktive musikarar.

Spesielt kjent er han for bluesmusikken, sitt samarbeid med organist Iver Kleive, og ikkje minst for sine flotte tolkingar av norsk folkemusikk. Han har besøkt Fosnavåg fleire gongar og vi gler oss til nok eit møte med den særprega gitaristen som denne gong kjem med fullt band

I vår kjem han med ny plate - og det er sjølvsagt eit ypperleg høve til å høyre denne fantastiske musikaren i sving med sitt faste band.

Billettar til Knut Reiersrud m/band

  1. Fre 16. feb kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_