Majorstuen: SKRIBLE

Folkemusikken er Majorstuen sin grunnpalett, men dei let seg også påverke av det som rører seg rundt i andre musikalske sjangrar

Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nevnt i ein og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemte dei seg for å bruke heile spennet, frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk, som utgangspunkt.

Majorstuen har spelt nærare 300 konsertar i 30 land, og har gjennom sitt utforskande og leikande sceniske uttrykk satt ein ny standard for korleis folkemusikk kan formidlast til eit bredt publikum. I SKRIBLE tar Majorstuen publikum med på ein litterær blåtur med høgst musikalske stoppestader!

Medverkande: Synnøve S. Bjørset, Tove Hagen, Jorun Marie Kvernberg, Anders Löfberg og Bjørn Kåre Odde.

_
_
_