Freedom Nation tour Natalie Sandtorv

Med ein overbevisande og sterk profil er Natalie Sandtorv klar for å etablere seg i musikkbransjen.

Tekstar og vokal som står sterkt over primale grooves, og eit fyldig teppe av synth og alternativt saksofonspel gir eit musikalsk lydbilde som fengar, med røter i jazz som speglar seg i urban folk, indie, og spiritual music. Ved å kombinere dette med Sandtorvs unike stemme, djuptgåande tekstar, og dansevennlege globale grooves, blir dette eit oppsiktsvekkande uttrykk som utmerkar seg.

Bandet Sandtorv har handplukka til dette prosjektet er ein massiv, rørande, engasjerande utfordrar til jazzkonformen og er eit friskt bindeledd mellom moderne jazz og populærmusikk med profilerte musikarar frå den Skandinaviske jazzscena, kjend frå prosjekt som Cokko, Homestrech, The Dark, Molecules og Polyfonatura. Dei har eit bredt nedslagsfelt som høyrer heime på ei rekke ulike scener og klubbar utover dei vanlege jazzklubbane.

Natalie Sandtorv (f.1990 i Ålesund) er vokalist og låtskrivar som har gjort sterk profil på den Europeiske jazzscenen dei siste åra, og i 2016 fekk ho prisen for Årets Jazztalent frå
Moldejazz og Sparebank. I det høvet starta ho å jobbe med å sete saman eit nytt band, og skreiv musikken til prosjektet som ho har valgt å kalle for "Freedom Nation». Norgespremieren var på hovudprogrammet til Moldejazz i 2017! Plata blei spelt inn i februar i Ocean Sound Recordings og kom ut på plateselskapet Øra Fonogram i oktober 2017. Deretter har det vore turnè i Japan, New York og Europa, med releasekonsert på Terminalen i Ålesund. I tillegg spelte bandet på bl.a. Copenhagen Jazz festival,
Alarm festival i Berlin, og Geoff Stern Art Space sist sommar.

Billettar til Natalie Sandtorv

  1. Fre 23. feb kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_