Nyttårskonsert

Tre lokale kulturinstitusjonar samarbeider om ein flott og sjeldan nyttårskonsert. Herøy Janitsjar, Herøy Mannskor og Ulstein Mannskor.

Dei to mannskora har samarbeida gjennom fleire år, og har mykje felles repertoar som dei svært gjerne vil presentere som eit stort kor i Herøy. No blir det saftig korpsmusikk i tillegg. Dei legg opp til eit spennande program der dei tek avskil med jula, og ser framover i det nye året. Korpset  og koret vil ha si eiga avdeling, og det blir ei mektig avslutning der meir enn 50 mannsrøyster syng saman med korpset i fleire spennande nummer. Koret stiller med eit lett og variert program; Nordiske ting, litt Spiritual, og barbershop. Korpset “stel” litt idear frå ”Musikverein i Wien” så dei legg opp til både valsar og andre kjende danserytmer i tillegg til ekte norsk musikk, ja sågar folkemusikk! Her skal vere noko for einkvar musikksmak, unge og eldre, så vi vonar på stor oppslutning frå publikum i heile distriktet. 

Torill Myren blir programleiar. Og så er det spennande å prøve ut nye samarbeidspartar, for dette er ikkje kvardagskost!

_
_
_