One Night of Elvis: Lee Memphis King

Han har seld over ein million(!) billettar verda over, han er til dags dato EINASTE hyllestartist som har headlina OG seld ut prestisjetunge Londons Hammersmith Apollo. Lee Memphis King er allment ansett som Europa sin mest suksessfulle Elvis Presley tribute artist nokonsinne.

Ein livslang Elvis-fan, Lee, begynte å etterlikne Elvis si stemme i ein alder av fem år. Motivasjonen hans er å vere så autentisk som muleg i alle detaljar og å utføre kvar låt med same lidenskap, energi og kjensler som Elvis i sine konsertar. Den evige perfeksjonist Lee jobbar konstant med å levere eit show som gjenskaper Elvis In Concert med mest muleg nøyaktigheit i alle ledd og detaljar. Ikkje berre vokalt, men mangfoldige tusen pund har også blitt investert i å skreddersy kostymer med nøyaktig same merksemd for detaljar som Elvis sjølv. Den originale designaren av Elvis Presley sine kostymer lagar nemleg også Lee Memphis King sine kostymer - og etter nøyaktig same standardar som dei originale kostymene Elvis sjølv brukte.

Orkesteret i One Night of Elvis: Lee Memphis King gjenskaper lydbilete, framtoninga og stilen til Elvis sitt eige band og består av blåserekke, trommer, lead og rytmegitar, to keyboardistar og fantastiske kordamer. Eit orkester som har arbeidd med nokon av verdas aller største stjerner. Eit orkester som er genuint opptatt av å gjenskape eit Elvis-show slik det var då Elvis sjølv var på toppen av karriera.

Dette er verdas mest autentiske Elvis show.

’When I closed my eyes I could feel Elvis’
Joe Esposito - lifelong friend of Elvis Presley

’Judging by this quality performance at a full Hammersmith Apollo, Lee Memphis King is certainly among the premier league of tributes’
The Stage Newspaper

’Spellbinding’
Guide to Brighton

’Lee Memphis King is a star in his own right, with his professionalism and desire to leave us all walking away believing that we had been touched by Elvis himself’
The Daily Info

Billettar til One Night of Elvis: Lee Memphis King

  1. Fre 23. mar kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_