Secret Garden

Secret Garden består av Rolf Løvland og Fionnuala Sherry (Irland). Det store gjennombrotet kom i 1995 då dei vann den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med låten ”Nocturne”.

Dette blei begynnelsen på eit fantastisk musikalsk eventyr med turnear og konsertar i både inn- og utland. Secret Garden har i åras løp gitt ut ni album (utgitt i over 80 land) og ein DVD og har til no solgt nærare fire millioner av desse på verdsbasis. Den store hiten ”You Raise Me Up” er innspelt i utallege ulike versjonar, blant anna av Josh Groban, Westlife og Il Divo, og er solgt i anslagsvis 35 millionar eksemplar.

?Secret Gardens musikk har blitt omtalt som vakker nytelsesmusikk, musikk for hjarte og sjel, inspirert av både natur og irske element. ??Av ærefulle oppdrag kan nemnast at Secret Garden representerte Noreg under Verdsutstillinga i Shanghai i 2010, det blei laga eit musikkstykke som fulgte dei besøkande i paviliongen i harmoni med vekslande naturskjønne bilete av Noreg.

??Secret Garden har turnert både i Noreg og i utlandet, med store eller små besetningar. ??2017 har vore eit aktivt konsertår, der Secret Garden har spelt på Vestfoldfestspillene, i Atlanta og ikkje minst ein 10 konserters turnè i Kina i september / oktober!? I mars 2018 turnere Secret Garden i Kulturhus i Noreg med 3 musikarar i tillegg til Rolf Løvland og Fionnuala Sherry.

Billettar til Secret Garden

  1. Fre 16. mar kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_