Bildene i hjartet Silje Nergaard

På sitt nye og 16. album har Silje Nergaard tatt steget inn i ei ny og meir elektrisk verd

Ei mor i Afrika som ventar på regnet. Ein kokosnøtt-selgjar i Italia. To gamle mennesker frå Korea som kjem saman etter å ha elska kvarandre eit langt liv. Det blir nye songar av bilda i Silje sitt hjarte. I haust slapp ho albumet ”For You a Thousand Times”.

– Albumet handlar om mennesker som rører meg. Nokre av historiane er mine eigne, andre er langt unna, men dei treff noko i meg. Som då eg såg eit foto av det gamle ekteparet frå Korea som hadde vore frå kvarandre i mange år, men kvar einaste dag, kvar einaste dag minst tusen gonger hadde dei sendt kvarandre eit løfte om kjærligheit. Det var slik tittelen på plata blei til.

På sitt 16. album har Silje Nergaard tatt steget inn i ei ny og meir elektrisk verd. Her er varme, analoge keyboards på eit fundament av elbass, her er funky trommer og afrikansk perkusjon.

– Dei siste åtte åra har eg jobba med akustiske gitarar, og eg hadde lyst til å gjere noko nytt. Eg har fått med meg nokon av Noregs mest spennande musikarar, og Audun Erlien er produsent. Morosamt med Audun, han var faktisk min aller første bassist då eg var ung ”popstjerne” i England – han spelte på ”Tell me where you´re going”.

Til Fosnavåg har ho med seg musikarane: Andreas Ulvo (Keys), Audun Erlien (Bass), Wetle Holte (Trommer) og Rune Børø (lyd)

_
_
_