Solveig Slettahjell: Natt i Betlehem

Sidan Solveig Slettahjell spelte inn albumet «Natt i Betlehem» i Fødselskyrkja for ni år sidan har ho kvart år gitt nokre eksklusive julekonsertar. Saman med Tord Gustavsen og trompetist Sjur Miljeteig tolkar Solveig Slettahjell julesongane med  intensitet og innleving som berre ho kan. På repertoaret står «Stille natt», «Jeg synger julekvad» og «Kling no klokka», men også mindre kjende julesongar som «Å kunne jeg bare bli barn igjen». Aftenposten skreiv i si melding av konserten at dei tre musikarane viser «en dyp følsomhet for julens budskap» og at «musikken er neddempa, andaktsfull, skjør og høytidelig. Dette er musikk til ettertanke.». 

_
_
_