Bergsøy Blandakor: The King Is Back

Det største koret i Herøy, er igjen klar for å gi publikum ei musikalsk oppleving.

Denne gongen vil koret  presentere gode gamle Elvis låter.

Kven huskar vel ikkje Love me tender, Jailhouse Rock og Can´t help falling in love? Publikum  kan fryde seg over rock’n roll, og ”trykkjara” om kvarandre ,og synge med på allsang om ein har lyst til det. Koret gler seg til å framføre desse, og andre kjende, kjære «Elvis-svisker». Saman med eit topptrimma orkester vil koret garantert vekkje  rockefoten til  live! Ein dyktig  programleiar blir også med og  loser oss gjennom det heile.

Det er berre å gle seg til fengjande musikk, gladsong,og ikkje minst mange gyldne Elvis minne!

 

Kom og bli med!  «The King is back.»

Billettar til The King Is Back

  1. Lau 28. okt kl 17:00 300/150 kr   Konsertsalen Kjøp
  2. Lau 28. okt kl 20:00 300/150 kr   Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_