The Real Thing

Siden starten 1992 har The Real Thing spelt meir enn 1 500 konsertar og seld over 55 000 plater.

The Real Thing henspeilar på noteheftet der alle jazz-standardlåtane fins, sjølve jazz-bibelen: The Real Book. The Real Thing står for hardtsvingande, orgelbasert souljazz, inspirert av storheiter som Jimmy Smith, Jack McDuff, George Benson og Wes Montgomery. Bandet som "aldri går av scenen i tørr smoking" har opparbeidd seg ein solid fanskare også utanfor jazzmenigheita. Organisten Palle Wagnberg, gitaristen Staffan William-Olsson, saksofonisten Dave Edge og trommeslagaren Hermund Nygård gler seg til å fyre opp turnébussen, løfte 200 kg Hammondorgel, sjekke at sløyfa er rett og gyve løs på gammalt og nytt repertoar, ikkje minst frå den rykande ferske plata ”Oh No, Not The Real Thing Again…" som kjem både på vinyl og CD i januar.

Billettar til The Real Thing

  1. Ons 9. mai kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_