A Different Man

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: A Different Man

Premiere: 2025-02-14

Varighet: 1t 52min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Aaron Schimberg

Sebastian Stan er VINNAR av GOLDEN GLOBE for Beste mannlege hovudrolle – Musikal eller komedie. "RENATE REINSVE ER FANTASTISK" - Indiewire Sebastian Stan er VINNAR av SØLVBJØRNEN for beste mannlege hovudrolle - EFM BERLINALE Kåra til ÅRETS BESTE FILM - Gotham Nights Nominert til OSCARS for Makeup and Hairstyling RENATE REINSVE får sitt internasjonale gjennombrot. Dette er hennar FYRSTE INTERNASJONALE FILM! "Adam Pearson stjeler showet" - The Hollywood Reporter "Sebastian Stans beste prestasjon noensinne" - The Daily Beast

Ein skodespelar går gjennom ei radikal endring og endar opp med å spele rolla som seg sjølv. Dette er ein mørk komedie og ein satire over eit samfunn som likestiller skjønnheit med eit godt liv. Edward (Sebastian Stan) har nevrofibromatose, ei liding som i hans tilfelle har ført til store utposingar i ansiktet. Han er veldig sjølvbevisst på utsjånaden sin, og mistar motet når den vakre forfattaren Ingrid (Renate Reinsve) avviser han. Han får tilbod om ein eksperimentell kur, og kan endeleg møte verda som ei ny og kjekk utgåve av seg sjølv. Men alt blir komplisert når Oswald, som også har nevrofibromatose, kjem seilande inn i livet hans – og inn i Ingrid sitt liv. Oswald er vittig og karismatisk, tilsynelatande upåverka av utsjånaden. Han er ein som gjer alt det Edward drøymer om å gjere. A Different Man er eit psykologisk portrett av ein mann som er prega av kompleks, den handlar om å frigjere seg, om å vere seg sjølv uavhengig om ein lever opp til skjønnhetsideala i samfunnet eller ikkje. Filmen er herleg innfløkt, den handlar om livet, om teater, og om korleis nokon kan snike seg inn og ta rolla du er fødd til å spele fordi du helst ville vore ein annan. Filmen er morosam og smertefull, og i botnen ligg ein sviande ironi.