Åge/Gunnar/TrondheimSolistene
Billettar
Om arrangementet
Åge Aleksandersen til Fosnavåg!
Dette blir ei unik konsertoppleving der Åge byr på seg sjølv og der det visast ei annleis side av Norge sin mest populære artist. Vi får høyre dei fleste kjende songane, samstundes som vi får høyre fleire som vanlegvis ikkje presenterast på konsertar.
Adresseavisen skreiv følgande om konserten:
«Hvem hadde trodd at Levva Livet skulle få en til å gråte?»,
«Musikken presenteres i en naken og sårbar drakt – helt nydelig»
«Konserten er på mange måter ikke bare en konsert, det er en opplevelse».
Som Åge selv seier: «Vi stikker innom for å slå av en prat og spille og synge noen låter».
Vi synest det er veldig stas å kunne tilby denne konserten i Fosnavåg konserthus denne torsdagen seint i november! Perfekt framunder julebordsesongen. Velkomen frå Herøy og omland til ein sjeldan konsert!
Billettsalget startar onsdag 28. august.