Onsdag 2. april kjem Teatret Vårt med framsyninga "Eg har ikkje ord" til Fosnavåg konserthus. Det er noko så sjeldan som ein teater-musikal om Ivar Aasen. Og tilbakemeldingane frå publikum er at dette er eineståande bra!
Det er kjekt for Fosnavåg og konserthuset å få besøk av teater. I desember hadde vi fullt hus på Tonje Glimmerdal. Det er ikkje nok alltid det er fullt på teater, men vi veit at det er mange teater-glade innbyggjarar i Herøy. Det er gildt å kunne invitere, og vi trur dette blir bra!