Country-aftan LAURDAG + Hytt & pine band
Billettar
Om arrangementet
Opa scene vol. 5 Country-aftan + lokalt band I ein og same kveld!
Vi køyrer desse to kveldane som småbord-konsert/klubb-oppsett med begrensa plassar. Meir detaljar vil kome etter kvart.
NB! Pass på å kjøpe billett til riktig kveld! Solistane syng begge dagar, men dei to kveldane sluttar med kvar sitt band.
Laurdagskvelden er det altså "Hytt & pine band" frå Fosnavågs om overtek etter husorkesteret etter pausen (fredag er det "Misery & company" frå Eid.)
Hytt & Pine Band kjem frå Fosnavåg på Sunnmøre og har som målsetjing å gjere spelejobbane til ei trivelig stund for seg sjølve og publikum. Bandet består av nokre godt vaksne "ungdommar" - alle glade amatørar med godt humør og glimt i auget.
-Vi har klart å skape vår eigen stil og sound. Musikken vi spelar er god og variert dansemusikk som 50-90-tals pop, rock, country og meir. Namnet kan nok for nokre virke litt rart, men det er med det som så mykje anna, det har sin spesielle bakgrunn. Kanskje får vi høyrer historia? Gamle og nye bandmedlemmar er iallfall i full sving med øving omlag kvar veke. -Spelelysta er der og vi kosar oss på øving! fortel dei 4 karane: Odd-Egil Igesund (trommer/vokal), Alte Leine (gitar/vokal), Kjell Arne Leine (keyboard/vokal) og Ragnar Ørstavik (bass/vokal)