Garness
Billettar
Om arrangementet
Garness & gjesteartist
Laurdag 29. mars riggar vi med småbord-oppsett i konsertsalen for Garness & gjest - og for deg!
Duoen Garness er Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Dei reiser på releaseturné med sine splitter nye låtar på dialekt, frå albumet "Restart" (kjem februar 2025). Tvillingsøstrene frå Frekhaug ved Bergen er multiinstrumentalistar og serverer eit spennande og dynamisk musikalsk uttrykk med eit instrument-oppsett som ein sjeldan har sett før. Låtane er umiddelbare, melodiøse og rytmisk drivne i eit indie/folk/pop landskap, og duoen ønskjer å spre gøts og håp med musikken sin. Med glimt i auget og særeigen tvillingkommunikasjon på scena inviterer Garness til ein inspirerande kveld!
Med seg som gjest denne kvelden har dei Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug, som vil ha ei avdeling i starten av konserten. Ingrid har sine anar frå Herøy, med ein far som vaks opp på Herøy, medan ho sjølv vaks opp på Emblem.
Albumet Restart består av 10 sterke låtar signert duoen. Låtskrivarane Christine Sandtorv (Ephemera, Stjerneteller) og Pål A. Frøiland (Elle Melle, Kristin Minde) har i tillegg levert tekstar til nokre av songane. Duoen spurte sin gode ven og trommis-kollega gjennom mange år, Thomas Gallatin (Morten Abel, Darling West, Odd Nordstoga m.fl.) om å produsere albumet. Det har vore eit fruktbart og inspirerande samarbeid, og duoen får tilbakemeldingar om at sounden på singlane som er sleppte så langt kjennast nytt og fresht, men umiskjenneleg som Garness.
Publikum på ein konsert med Garness kan forvente ein lun og personleg stil frå to erfarne artistar som byr på seg sjølve. Ingelin er en dreven gitarist og spelar både akustiske og elektriske gitarar, medan Hildegunn spelar på sitt spesialbygde, ståande trommesett, keyboards og andre kuriose strenge- og perkusjonsinstrument. Etter å ha jobba saman i over to tiår er duoen blitt svært samspelte og kosar seg på scena saman.
Garness har opptrådd i TV-program som: I kveld, Beat for Beat, Absolutt Norsk, Kjempesjansen, God morgen, Norge, Håp i ei gryte og Jul på Slottet. Dei har samarbeida med artistar som Marit Larsen, Sigvart Dagsland, Jonas Alaska og Odd Nordstoga. Dei blei introduserte for ein stor andel av det norske folk då dei heldt den tradisjonsrike julekonserten "kvelden før kvelden" på NRK1 vesle julaften. Deira kritikarroste album Barnet i krybben er også blitt en julefavoritt for mange. Duoen har gitt ut fleire andre album, to av dei med engelsk-språkleg, folk/rock-inspirert pop, og låten Mountaintop rullerte jamnleg på NRK P1 i heile 12 veker. Andre prosjekt dei har halde på med dei seinaste åra, er påskekonsertframsyninga "Gåten om korset" og musikk-kollektivet Lia Musikklag.