Joker: Folie à Deux

Om filmen

Tittel: Joker: Folie à Deux

Premiere: 2024-10-02

Varighet: 2t 17min

Sjanger: Musikal, Thriller

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Todd Phillips

Frå den anerkjente manusforfattaren/regissøren/produsenten Todd Phillips kjem «Joker: Folie À Deux», den etterlengta oppfølgjaren til den Oscar-vinnande «Joker» (2019), som tente meir enn 1 milliard dollar på den globale kinomarknaden. I den nye filmen spelar Joaquin Phoenix nok ein gong si Oscar-vinnande dobbeltrolle som Arthur Fleck/Joker, no saman med Oscar-vinnaren Lady Gaga («A Star Is Born»).

I «Joker: Folie À Deux» er Arthur Fleck institusjonalisert på Arkham i påvente av rettssaka for brotsverka han gjorde som Joker. Medan han slit med den doble identiteten, snublar Arthur ikkje berre over ekte kjærleik, han finn i tillegg musikken som alltid har vore inni han. Filmen har Oscar-nominerte Brendan Gleeson («The Banshees of Inisherin») og Catherine Keener («Get Out») på rollelista, saman med Zazie Beetz, som gjentek rolla si frå «Joker». Warner Bros. Pictures presenterer A Joint Effort Production, ein film av Todd Phillips, «Joker: Folie À Deux». Filmen blir distribuert over heile verda av Warner Bros. Pictures, og kjem på kino 2. oktober.