Jubileumskveld konserthuset 10 år!

Om arrangementet

Feiring m/sofasamtale og kakebord!

PROGRAM

Fosnavåg konserthus og kino fyller 10 år i oktober! Tenk at det er så lenge sidan det flotte huset og dei flotte roma inni stod ferdig i 2014. Dette vil vi sjølvsagt feire - saman med publikum! Så vi inviterer alle som er glade i konserthuset til opa jubileumsfeiring! Vi skal feire med attersyn, kulturinnslag og sofasamtale med overskrifta "Korleis kan kultur skape identitet og utvikling i lokalsamfunnet?" Det kan vere overskrift for heile dagen, under mingling i foajé og ved kakebord. På slutten av kvelden avsluttar vi nemleg med eit digert bursdagskakebord slik ein plar gjere for 10-årsjubilantar! Og innimellom alt blir det glimt frå folk og arrangement gjennom åra som har gått.

Kl. 19.00:

  • Attersyn ved Bjørn Holum m.fl.
  • Sofagjestar: Stig Remøy, Per Sævik, Åge Remøy, Monica Bjørhovde, Fredrik Remøy, Arnulf Goksøyr.
  • Ålesund Strykekvartett
  • Dans Live Sævik og Vendel Gjelseth
  • Andrine Berge og Vegard Voldsund

Sentralt plassert i sentrum har konserthuset og kinoen saman med hotellet ei viktig rolle. Og no er vi akkurat gamle nok til at vi vil vere med å lage samtale rundt viktige spørsmål. Det skal vi gjere med ein sofasamtale der desse er med:

  • innleiar Arild Kalkvik direktør Trondheim kino, leiar KinoNor, styreleiar Film & Kino:
    «Frå Hollywood til Herøy – Ringverknader av kulturelle arrangement»
  • innleiar Vegard Dahl Hansen sponsorsjef i Coop Norge, saman med Lars Giskeødegård (Momentium):
    «Saman for levande lokalsamfunn og lokal skaperkraft»
  • Sofie Helland moderator
  • Ann-Kathrin Storøy ordførar
  • Caroline Hjellegjerde VP HR & Administration Olympic Subsea ASA
  • Cecil Nerbø reiselivsaktør Opplev Runde
  • Sivert Leine frå ungdomsrådet
  • Arjan Sydhagen Dalsøren Metizport og tidlegare…

Kl. 21.00: Bursdagskakebord!

Kl. 21.30: Videosnuttar frå starten presentert av Bjørn Holum, vist på det store lerretet i konsertsalen. Med kake og kaffe i handa ;o)

 

Feiringa kl. 19 med kakebursdag kl. 21 er open for alle som vil! Det skal ikkje koste noko å kome inn, for vi ønskjer med heile denne jubileumsveka å opne konsertsalen slik at folk i alle aldrar skal kunne gjere seg kjende med huset og oss som jobbar her. Her blir altså ikkje billettsal, men gratis inngang. Så vi oppmodar folk om å kome tidleg om ein vil sikre seg god plass. På veg inn i salen ønskjer vi å møte dykk med fine flygeltonar frå foajéen. Vi blir veldig glade om folk klikkar i Facebook-eventet dersom dei vil kome denne kvelden. Då får vi ein indikasjon på kor mange som kjem, det må jo vere nok kake!