Nordveven - Tonar til naturen

Om arrangementet

Jubileumskonsert frå konserthuset med vår eigen Torgrim Skjerdal!

Ver med oss på ei reise i det musikalske naturen har å by på. Stykka er inspirert av naturen, frå det ville, til det sarte, og til det imellom. Nordveven er eit musikalsk bilete på korleis musikk og natur, er fletta saman, som ein vev av melodiar og bilete. Nokre gonger sart og stille, medan andre gonger meir høgrøysta og vilt, slik naturen er. På konserten vert du teken med gjennom ei reise musikalsk og visuelt. 

Torgrim Skjerdal og Øyvind Krøvel har kome i lag som tonekunstnarar, og saman har dei gjeve ut fleire eigne komposisjonar. Det musikalske utrykket er ei blanding av tradisjonsmusikk, folkemusikk, klassisk, men også musikk med eit snev av akkorder med tal i seg. Spennande klangar med ulik besetning. Piano, trompet, munnspel, trekkspel er nokre av instrumenta som vert nytta i tillegg til ymse perkusjon. Målet er å skape musikk med eit tonespråk som alle kan verte fortruleg med, og som kan vere til nytte, eller berre nytast.

Velkomne til ei lun stund, der du kan lene deg tilbake og nyte musikken, og bileta som fyl med. Med seg på denne konserten har dei også Vegard Voldsund (trommer), Vegard Grimstad (bass), Arve Voldsund (gitar) og Andrine Longva Kopperstad (fele). Vi let denne konserten vere ei jubileumsgåve til vårt kjære publikum og ønskjer velkomne til ein fin konsert denne søndagen i oktober.