Adam Douglas
Billettar
Om arrangementet
DARLING WEST blir årets gjest!
For sjuande år på rad, held Adam Douglas fram sin juletradisjon med turnéen «An American Holiday» gjennom Norges land. Det er ei stor glede å fortelje at årets gjest er: Darling West. Saman med Adam er det eit musikalsk draumeteam som skal på juleturné!
Adam Douglas seier sjølv: «Darling West har lenge stått på ønskelista mi. Først og fremst er eg fan av dei og har stor respekt for den musikken dei lagar. Alltid høg kvalitet og med stor vekt på harmoni-synging og små detaljar. I tillegg til det musikalske, er Mari og Tor Egil så fine folk. Tidenes tur blir det.»
Vidare fortel Adam: «Eg har ganske høge forventningar på dette samarbeidet-for å seie det rett ut. Eg trur at det blir ein killer-kombo rett og slett. Vi set pris på mykje av det same, men definitivt med eigen vri kvar for oss. Spelegleda blir truleg smittsam i ein sånn setting. Eg har fått spele med DarlingWest nokre gongar i deira live-konsept «Family Sessions» og det fristar alltid til å spele meir med dei. Årets juleturné blir noko heilt spesielt! Som alltid, gler eg meg til å stå på scena og spele desse låtane saman med venene mine og framfor eit fantastisk publikum! I år blir det naturlegvis harmoni-synging med Darling West og det blir stas.»
Darling West består av Mari Kreken og Tor Egil Kreken, kritikarrost norsk band som musikalsk høyrer til i pop/folk/country-sjangeren. Dei mottok Spelemannprisen for sitt andrealbum «Vinyl & A Heartache» i 2016, og er også publikumsfavorittar med konsertserien «Family Sessions». Heile tre gongar har dei spelt på bransjefestivalen «South by Southwest» i Austin Texas, og dei har besøkt «AmericanaFest» i Nashville to gongar tidlegare - samt den omreisande folk-festivalen «Folk Alliance International», «Eurosonic» i Nederland og «FourCorners Folk Festival» i USA.
Mari og Tor Egil ser verkeleg fram til å vere gjestar på årets turné. «Det er ei ære å bli spurt om å vere gjest på Adam sin juleturné! Han er ein artist som vi alltid har sett opp til, som set musikk og formidling i fokus og attpåtil er eit av dei hyggelegaste menneska vi kan tenkje oss. Så å bli spurt om å få vere ein liten del av hans produksjon er litt av ein luksus. Darling West fortel: «Julemusikk har alltid hatt ei sentral rolle i julefeiring for oss begge frå vi var born, og betyr framleis mykje for å kome i den rette stemninga rundt juletider. Vi hadde dog ikkje tenkt at vi skulle spele så mykje av det sjølve før vi fikk førespurnad frå NRK om å lage julekonsert i 2022, og no er vi bitt av den basillen. Det er ei utruleg fin oppleving å få bidra med å sleppe litt lys inn i den mørke desembertida, og samlast om songar som alle er samde om at høyrer til i jula.»
«An American Holiday» - tilbake i Fosnavåg i 2024! "An American Holiday" blei starta som eit resultat av ein draum Adam lenge hadde om å la det norske publikum få ta del i amerikansk julemusikk-tradisjon og det som set han i god og «soulful» julestemning. Dette har han reist rundt i landet med i fleire år og no for sjuande gong i 2024.
Hjarteleg velkomne til «An American Holiday» med Adam Douglas fredag 29. november!
Her kan du finne meir om:
Adam Douglas: www.adam-douglas.no
Darling West:www.darlingwest.no