ALL YOU NEED IS LOVE

Om arrangementet

Beatles med Bergsøy Blandakor!

Bergsøy Blandakor består av 50 damer og menn som elskar å synge og som har det veldig kjekt i lag. Koret har halde på heilt sidan 1971 og i alle desse åra er det gleda over å vere i lag, songgleda og det å kunne glede andre med songen vår som har drive oss framover.

Bergsøy Blandakor har etter kvart gjort nokre konsertar på eit tema eller basert på musikken til kjende artistar.  I 2017 var det Elvis som var temaet på konserten vår. Dette var såpass vellykka at vi no prøver oss med « gutta frå Liverpool ». The Beatles kan ein vel trygt seie er av dei mest kjende av alle band og dominerte populærmusikken på 60 talet sjølv med sterk konkurranse frå Elvis og Rolling Stones m.fl.

Programmet vil variere frå dei aller mest kjende Beatles-låtane til nokre innslag av musikk som ikkje er like kjent. Der er ei mengde god musikk å ta av i Beatles sin produksjon gjennom dei åra dei heldt på. Arrangementa er laga av folk som har arbeidd ein del med Beatles og så har vår dirigent gjort nokre nødvendige tilpassingar. Her blir det Abbey Road medley, Beatles in love og mange andre songar som mange av oss hadde som favorittar i vår ungdom.

Songane vert framførde av koret sine medlemmer på forskjelleg vis slik som med solistar, duettar, grupper og sjølvsagt med fullt kor på brorparten av songane. Tonefylgje av band med pianist, bassist og trommer. Det heile under leiing av koret sin svært dyktige dirigent Morten Bollerud.

Litt historie:

The Beatles var ei britisk popgruppe danna av John LennonPaul McCartneyGeorge Harrison og Ringo Starr. Gruppa revolusjonerte popmusikken og oppnådde ein eineståande berømmelse over heile verda. Dei gjennomførte store verdsturnear frå 1963–1966The Beatles vart oppløyst i 1970. Frå platedebuten hausten 1962 bestod The Beatles av:

  • John Lennon (1940–1980) på rytmegitar
  • Paul McCartney (født 1942) på bass
  • George Harrison (1943–2001) på sologitar
  • Ringo Starr (født 1940) på trommer

Låtskrivarduoen Lennon/McCartney skreiv nesten alle The Beatles sine hits og blir rekna blant dei fremste låtskrivarane i populærmusikken si historie. Også Harrison var en viktig låtskrivar, medan trommeslagar Starr skreiv lite. Lennon vart myrda i New York i 1980Harrison døde i 2001.