Lunsjkonsert: Love Experience

Om arrangementet

Gratis lunsjkonsert med lokalt band!

I høve 10-årsjubileet byr vi på gratis lunsjkonsert med det lokale bandet "Love Experience" for alle som har tid og lyst og gå på konsert på dagtid i Fosnavåg! Vi spanderer den gode musikken, og du kan velje å kjøpe deg lunsj (karbonade-tallerken) og/eller noko søtt til dessert dersom du har lyst til det. Då vil vi gjerne at du bestiller/kjøper på førehand her på eBillett. Ingen øvre eller nedre aldersgrense ;o)

Her blir det Elvis- og The Beatles låtar, litt country, litt svensktopp kanskje - og høg allsongfaktor! Til og med Al Jarreu og Billy Joel kan dukke opp på setlista til bandet som også har Rolling Stones i repertoaret.  Besetninga i dag er slik: Paul Gustav Remøy på gitar, Tor Frantzen spelar keyboard, Ragnar Øvrebøe bass og Edar Voldsund bak trommesettet.

Popbandet Love Experience vart starta i 1967, og har hatt diverse samansetjingar sidan då. Dei hadde ein restart på 90-talet, og ein i 2005, så ein har iallfall halde på ein plass mellom 20 og snart 60 år! Du kan lese heile band-historia under her.

Denne tysdagen i konserthuset si jubileumsveke opnar vi dørene klokka 12 og så skrur vi på musikken kl. 13. Her blir småbord og kaffe og høve til småprat rundt småbord. Og altså med "nogo attåt" som ein kan få kjøpt frå Thon Hotel Fosnavåg. Kaffe bjudar vi på.

Olympic Kulturfond ønskjer å gratulere Fosnavåg konserthus med 10-årsjubileet og støttar jubileumsveka og dette arrangementet!

 

BAND-HISTORIA:

Popbandet Love Experience vart starta i 1967. Atle Remøy, Per Odd Håheim og Eldar Ove Voldsund var dei første medlemmane i bandet. I den fyrste tida øvde dei i eit lite loftsrom på Remøya. Nokre månadar etter at dei hadde starta bandet, vart Remøybrua opna for trafikk. Dei flytta då instrumenta til Voldsund. Der hadde dei eit meir høveleg lokale å øve i – løda til Eldar sine foreldre, Olaug og Sverre Voldsund. På denne tida var både Ronald Moen og Fredrik Kruse med i bandet ei kort tid. Arild, tvillingbroren til Eldar, var også innom. Fyrste gongen bandet viste seg fram var på realskulefesten i 1968.

I Djupvika budde det ein supergitarist, Gunnar Knotten. Då han kom med i Love Experience vart det skikkeleg fart i sakene. Fyrste spelejobben Love Experience fekk betaling for, var på Høgtun våren 1969. Då fekk dei seg ein 100-lapp på deling. No kom Otto Myklebust inn i biletet. Han vart både manager og sjåfør. På det mest hektiske vikarierte Sindre Notø bak rattet. Hausten 1969 kom Tor Frantsen med i Love Experience. Gruppa heldt fram med å spele det same som før: Cliff, Elvis, Beatles og litt Shadows m.m. Ingolf Stompa Drabløs var også innom bandet.

Då Atle og Per-Odd reiste i det militære tidleg i 1970-åra vart Love Experience oppløyst. Men etter den tid har det vorte nokre «comeback». På 70-talet vart det gjort enkeltjobbar med litt forskjellig mannskap. Paul Gustav Remøy var innom både på bass og gitar. Også Jack Louis Bostad på gitar var innom.  Så vart det nytt liv i bandet på 90-talet. Lenge utan bassist, men Tor Frantsen trakterte fotbassen på orgelet  med stor dyktigheit. Paul Gustav var då gitarist. Så var det stilt til midten av 2000 -talet då det i ei periode vart gjort nokre enkeltjobbar igjen. Då var blant anna Terje Olsen frå Ålesund innom på bass.

Repertoaret er mykje godt det same som i gamle dagar, men sjølvsagt har nye låtar kome til opp gjennom åra. Eit kjenneteikn har vore mykje fleirstemt song – ikkje minst når Beatles sine verk skal framførast. Besetninga denne gongen blir: Ragnar Øvrebøe (bass/vokal), Tor Frantsen (keyboard/vokal), Paul Gustav Remøy (gitar/vokal) og Eldar Ove Voldsund (trommer).