Jubileumsmiddag konserthuset 10 år

Om arrangementet

Tapasbuffét & dessert

I utgangspunktet eit lukka arrangement. Til jubileumsmiddagen har vi invitert nokre gjestar. Både kommunestyre, og administrasjonsleiing i Herøy kommune og kulturavdeling, samt utval for kultur og oppvekst. I tillegg har vi invitert med andre som var med og var sentrale i starten i 2014. Såleis håpar vi at nye kan bli kjende og gamle kjende kan møtast. Til mingling, prat rundt bord og god mat. Vår gode samarbeidspartnar Thon Hotel Fosnavåg stiller med tapasbuffét og dessert. Riktig skrivemåte for verdas beste dessert er forresten slik: Crème brûlée.

VI har nokre ledige plassar, så her blir det ope billettsalg fram til og med måndag  21. oktober for dei som er konserthus-ven og har lyst å vere med. Her blir det ikkje så mykje program i den forstand, men vi vil prøve å setje tonen for JUBILEUMSKVELDEN som foregår frå kl. 19.00 med FEIRING & SOFASAMTALE. Avsluttar kvelden med kakebord og videosnuttar frå bygginga i 2014.

Medan vi ventar på å kome inn i konsertsalen vil det vere fin musikk i foajéen nede. Både feiringa kl. 19.00 med kakebursdag kl. 21 er open for alle som vil! Det skal ikkje koste noko å kome inn, for vi ønskjer med denne jubileumsveka å opne konsertsalen slik at folk i alle aldrar skal kunne gjere seg kjende med huset og oss som jobbar her.