«The Nowhere Men»

Om arrangementet

Lars Saabye Christensen, dikt, og Helge Iberg, piano.

Nye møte med ikoniske Beatles-songar!

Helge Iberg spelar sine tolkingar av ikoniske Beatles-låtar, og forfattar og Beatles-kjennar Lars Saabye Christensen les dikt/poetiske tekstar som er skreddarsydde for konserten, saman med personlege kommentarar frå sitt eige Beatles-univers. 

Saabye Christensen burde vere kjend for dei fleste. Han er ein av Norge sine mest respekterte og populære forfattarar og har ein allsidig litterær produksjon. Mange kjenner hans oppvekstroman «Beatles» som eit av dei viktigaste tidsbileta frå andre halvdel av 1900-talet. Saabye Christensen har motteke Nordisk Råds Litteraturpris og ei rekkje andre utmerkingar. Han er medlem av det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

Helge Iberg bevegar seg mellom den klassiske musikken sine partitur og den moderne jazzen sine landskap. Som pianist har han gjort samarbeidsprosjekt med artistar som Bendik Hofseth, Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær. Han har også utgitt to bøker og skrive ei rekkje
essays/artiklar om kultur/samfunn/kunst. Helge Iberg har motteke Prix Italia, Spellemannprisen, Musikkforleggerprisen og er tre gongar nominert til Edvard-prisen. Iberg sine pianotolkingar er utgitt på «The black on white album» CD-en har fått flotte meldingar over heile Europa og USA. Til dømes:

Tor Hammerø, Nettavisen: Iberg Goes Beatles  
«Helge Iberg tilfører nye dimensjoner til klassiske Beatles-sanger. Uten unntak gir Iberg prosjektet sitt noe veldig personlig, med en dybde, dynamikk, glød og harmonirikdom som vil få Beatles-fans og ekte musikkelskere fra alle leire til å finne ro i sinnet. 

Foto: Odd Geir Sæter