400.000 i tilskot frå Kulturrådet

Fosnavåg konserthus har fått tilsagn på 400.000 i støtte til Akustisk programserie

Kulturrådets musikkutval for arrangør- og festivalstøtte har løyvd kr 400.000 i støtte til Fosnavåg konserthus sin "Akustisk programserie" fordelt over to år, 2020 og 2021.

Vi har sidan 2018 mottatt 200.000 i støtte kvart år til denne programserien, Då har det vore søkt to gongar i året på eit konkret program. Det som er nytt med denne tildelinga er at det er løyvd eit beløp over 2 år basert på intensjonen med programserien og at vi har kontinuitet i denne delen av programmet.

Kva er Akustisk programserie?

I søknaden til Kulturrådet er det denne kortfatta teksten som definerer bakgrunnen og innhaldet: Ein akustisk programserie med vekt på klassisk/samtidsmusikk og jazz/improvisasjonsmusikk framført i eit rom med muligheit for å tilpasse akustikken gjennom det digitale klangsystemet Meyer Constellation. Målsettinga er å gi publikum ei optimal oppleving der musikarar får utfalde seg i eit rom som kan tilpassast deira eigne ønsker.

Det er ikkje berre konsertar som kun nyttar klangsystemet Meyer Constellation som inngår i programserien, men også andre konsertar og framsyningar der kvalitet på framføring og innhald har høg fokus. Ein kan sei at det bør gjelde alle framføringar, og det er rett, men tanken med denne programserien er at det også skal vere eit kvalitetsstempel for publikum. Dersom det er ein konsert/framsyning ein ikkje kjenner til, så kan ein uansett vere sikker på at kvaliteten er høg på alle plan. Det vil sei at det då er høgst truleg at dette er ein konsert du ikkje visste at du kom til å like.

I Akustisk programserie for våren 2020 er desse konsertane med:

Denne lista kan framleis endre seg, men desse vil uansett vere med

I sjølve prosjektbeskrivelsen for programserien står det mellom anna:

Fosnavåg konserthus er eit moderne kulturhus/konserthus som åpna i 2014. Som akustisk løysing har vi valgt Meyer Constellation (MC) som gjer det enkelt å tilpasse akustikken til det som blir presentert frå scenen. Erfaringa er at dette har vore eit svært vellykka val og vi får mange lovord frå både artistar og publikum om at lydopplevinga i Fosnavåg konserthus held høg kvalitet. 

Som eit kulturhus/konserthus i distriktsnoreg legg vi vekt på å presentere eit bredt program. Vår profil og vårt oppdrag som kommunal aktør er å presentere bredde. Vi har hatt god erfaring med vår akustiske programserie og ønskjer å halde fram med å tilby eit program som:
- inneheld kunstnarlege kvalitetar på høgt nivå
- inneheld formidling på høgt nivå både i form og innhald
- gir et tilbod til publikum som ikkje fins i geografisk nærheit
- inneheld kvalitetar der vår unike akustikk kan utnyttast fullt ut og gi framføringa eit ekstra løft

 

_
_
_