Vi åpnar kinoen!

Vi er glade for å meddele at kinoen no har opna opp med eit tilpassa opplegg!

For å sikre deg ei trygg og god kinooppleving har vi fleire tiltak. For å ivareta 1 meters regelen har vi ikkje høve til å selgje meir enn ca 40 billettar pr framsyning i kinosalen. Grupper på inntil 5 personer frå same husstand kan gå saman, venner må kjøpe enkeltbillettar og 1 meters regelen gjeld. 

Kiosken er open som vanleg, men med maksimalt fem personar i kiosken samstundes.

Vi oppmodar alle om å vaske hender ofte og nytte antibac som er plassert ut i området. Alle berøringsflater blir vaska mellom kvar framsyning. Dersom du er sjuk eller i karantene får du ikkje kome.

Som ansvarlig arrangør må kinoen vite kven som er på dei ulike framsyningane. Du må derfor registrere namn, mobilnummer og e-post når du kjøper billett.

Dersom du har spørsmål kan du sende en mail til bjorn@fosnavagkonserthus.no eller maria@fosnavagkonserthus.no 

_
_
_