Country-aftan FREDAG + Misery & Company
Billettar
Om arrangementet
Opa scene vol. 5 Country-aftan + bluegrass frå Eid på ein og same kveld!
Vi køyrer desse to kveldane som småbord-konsert/klubb-oppsett med begrensa plassar. Meir detaljar vil kome etter kvart.
NB! Pass på å kjøpe billett til riktig kveld! Solistane syng begge dagar, men dei to kveldane sluttar med kvar sitt band.
Fredag er det altså "Misery & company" frå Eid som overtek etter husorkesteret etter pausen. (Laurdagskvelden er det "Hytt & pine band" frå Fosnavåg.)
«Misery & Company er eit bluegrassband frå Nordfjordeid. Dei har gitt ut eigen musikk og spelt på Norsk Countrytreff, Trandal Countryfestival, Gymmen Americanafestival, Malakoff LiveLaga og vore nominerte til Luttprisen for beste nykommar i Sogn og Fjordane.
Musikken dei spelar er bluegrass, akustisk musikk med fleirstemt song, banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Denne gongen har Misery & Company med seg til Fosnavåg konserthus ein underhaldande miks av eigne låtar, coverlåtar og låtar for anledningen ikledd bluegrassdrakt.
Bandet består av Silvia Holmøy, Eivind Skjerdal, Sigmund Larsen, Atle Oen og Eirik Haugland.