Personvernfråsegn

1  Innleiing

Fosnavåg konserthus ("vi") er opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar dine personopplysningar. I dette personvernerfråsegnet forklarer vi derfor kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi brukar informasjonen og korleis vi tar omsyn til ditt personvern. 

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan for eksempel vere namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser. 

Bruk av personopplysningar må følgje personopplysningsloven. Vi, som behandlingsansvarleg, vil sørgje for at vi brukar personopplysningar om deg i samsvar med lovens reglar.

2  Kva for personopplysningar har vi om deg

Avhengig av kva for informasjon du gir oss, korleis du brukar våre tenester, og kva for løyve du gir oss, har vi desse opplysningane om deg:

  • Opplysningar om deg: Informasjon du oppgir når du opprettar ein brukarkonto eller kjøper billettar, som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du kan velgje å gi oss meir informasjon om deg sjølv, som kjønn og fødselsdato. 
  • Kjøpsinformasjon: Informasjon vi får når du kjøper billettar frå oss, som kva du har kjøpt, kortnummer og betalingsmetode (f.eks. Visa).  Om du har brukarkonto hos oss vil du få oversikt over dine tidlegare kjøp i din brukarkonto. 
  • Kommunikasjon: Informasjon du gir oss når du har kontakt med vårt kundesenter, som epostar sendt mellom oss. 
  • Opplysninger om bruk på nettsidene: Informasjon vi får når du nyttar vår nettside og app, som kva slags eining du har (f.eks. mobil eller PC), IP-adresse, kva for sider du besøker og kva for funksjonar du nyttar der. 
  • Opplysningar frå partnarar: Informasjon vi får våre samarbeidspartnarar, som leverandør av billettsystem Dialog Exe. Partnarane gir oss informasjon om kva for framsyningar du har besøkt hos oss. 
  • Profileringsopplysningar: Informasjon og antakelsar som vi lager automatisk basert på dei andre opplysningane (nemnt ovanfor) vi har om deg, som dine preferansar og interesser og kva for demografiske grupper du tilhøyrer, med mindre du har motsatt deg dette.

3  Kva bruker vi personopplysningane til

Vi brukar personopplysningane dine til følgjande føremål: 

  • Tilby nettside og app: Vi bruker opplysningar for å tilpasse vår nettside og app til det tekniske utstyret du bruker. Vi kan også bruke opplysningane til å tilpasse innhaldet på vår nettside og app til kva vi trur du er interessert i. 
  • Gjennomføre billettkjøp: Vi bruker opplysningar for å gjennomføre ditt kjøp av billettar, m.a. for å sende deg billettane, motta betaling og lagre kjøpshistorikk. 
  • Opprette brukarkonto: Vi nyttar opplysningar som du oppgir dersom du oppretter brukarkonto, m.a. for å gi deg tilgang med brukarnamn og passord, for å lagre din kontaktinformasjon og betalingsinformasjon, og for at du kan sjå din kjøpshistorikk. 
  • Kundeservice: Vi lagrar opplysningar, som du gir og mottar dersom du har kontakt med oss, for å yte service og administrere ditt kundeforhold.
  • Statistikk: Vi utarbeidar statistikk og kartlegg markedstrender for å forbedre og vidareutvikle våre produkt og tenester. Så langt det er muleg gjer vi dette med anonyme opplysningar, utan å sjå at informasjonen er knytt spesifikt til deg.
  • Marknadsføring: Vi brukar din kontaktinformasjon (t.d. telefonnummer og epostadresse) til å sende deg tilrådingar og informasjon om våre framsyningar. Vi kan bruke profileringsopplysningar for å gjere tilrådingane og informasjonen mest muleg relevant for deg, med mindre du har motsett deg dette. Dersom du ønsker det, vil vi også sende deg tilrådingar og informasjon om våre samarbeidspartnarar sine framsyningar. 

Det rettslege grunnlaget for formål 1, 4 og 5 er vår rettkomne interesse av å kunne tilby, vidareutvikle og markedsføre våre tenester. 

Det rettslege grunnlaget for formål 2, 3 og 4 er for å oppfylle vår kontrakt med deg. 

Det rettslege grunnlaget for formål 5 kan også vere ditt samtykke, dersom du har gitt oss dette. Det kan vere nødvendig for å sende deg marknadsføring dersom du ikkje lenger har brukarkonto hos oss, eller dersom vi sender deg marknadsføring om våre samarbeidspartnarar sine framsyningar.  

4  Kven deler vi personopplysningar med

Vi deler personopplysningar med selskap som leverer tekniske og administrative tenester til oss, slik som IT-leverandørar. Vi har avtalar med desse for å sikre ditt personvern.

Vi kan utlevere opplysningar i enkelttilfeller, eksempelvis til offentlege myndigheiter, ved mistanke om lovbrot.

Dersom du samtykkar, kan vi dele dine personopplysningar med våre samarbeidspartnarar som omtalt i ditt samtykke. Dette kan t.d. vere konsertpromotørar, teaterpromotørar og andre teater og kinoar, slik at dei kan sende deg tilrådingar og informasjon som er relevante for deg, eller slik at dei kan foreta eigne marknadsanalyser og tenesteutvikling. 

Vi nyttar oss av IT-leverandørar utanfor EØS. Dersom vi overfører personopplysningar ut av EØS, sørger vi for å sikre personvernet gjennom inngåing av kontraktar. Du kan be om meir informasjon eller ein kopi av sikkerhetsmekanismene vi nyttar for å sikre overføringa av opplysningane.

Vi kan for øvrig dele anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for m.a. marknadsanalyser og tenesteutvikling. 

Kor lenge lagrar vi personopplysningar

Vi lagrar opplysningar om deg, kun så lenge det er naudsynt for å oppnå formålet dei vart innhenta for, eller dersom vi er pålagt å lagre opplysningane. Opplysningane vil bli sletta eller anonymisert når dei ikke lenger er naudsynte for å oppnå formålet. Under er ein oversikt over kor lenge vi lagrar dine opplysningar:

  • Opplysningar om deg: Dersom du har brukarkonto hos oss, sletter vi opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller dersom du har vore inaktiv i over 12 månadar. Dersom du ikkje har brukarkonto hos oss, sletter vi opplysningane tre månadar etter framsyninga fann stad med mindre du ber oss om å lagre opplysningar til neste kjøp. 
  • Kjøpsinformasjon: Dersom du har brukarkonto hos oss, lagrar vi kjøpshistorikken din (oversikt over kva for framsyningar etc. du har kjøpt billettar til) i 12 månadar i din brukarprofil. Vi sletter kortnummeret ditt tre månadar etter framsyninga fann stad, med mindre du ber oss om å lagre opplysningane til neste kjøp. Vi lagrar transaksjonar og betalingsinformasjon i 5 år i henhold til bokføringsloven.  
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Vi lagrar informasjon om din bruk av våre nettsider i opptil 6 månadar.
  • Opplysningar frå partnarar: Vi lagrar eventuell informasjon frå samarbeidspartnarar så lenge du har ein aktiv brukarkonto hos oss eller så lenge du har godkjend det. Vi vil slette opplysningane dersom du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i 12 månadar. 
  • Kommunikasjon: Vi lagrar kommunikasjon med våre kunder i tre år, med mindre vi treng å lagre det lenger, t.d. i forbindelse med klager eller krav. 
  • Profileringsopplysningar: Dersom du har brukarkonto hos oss, slettar vi opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i over 12 månadar. Vi vil slette opplysningane tidlegare dersom du motsetter deg å bli profilert. 

6  Dine rettar

Du kan ha rett til å be oss å:

  • Gi deg ytterligare informasjon om korleis vi handsamar dine personopplysningar.
  • Gi deg ein kopi av personopplysningar om deg.
  • Oppdatere dine personopplysningar.
  • Slette opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare. 
  • Avgrense eller stoppe handsaminga av dine opplysningar
  • Motsette deg automatiske individuelle avgjerdsler, inkludert profilering. 
  • Gi deg opplysningar du har gitt til oss i ein strukturert, alminneleg anvendt og maskinlesbart format eller, der det er teknisk muleg, be oss om å overføre desse til ein annan virksomheit. 
  • Trekke tilbake eventuelle samtykker du har gitt oss. 

Vær klar over at det fins avgrensningar i desse rettane. Ta gjerne kontakt med oss dersom du vil ha meir informasjon om dette.

Dersom du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil vi gjerne at du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle mistydingar. 

7  Cookies

Vi nyttar cookies på våre nettsider for å sikre funksjonalitet på nettsida, analysere nettrafikk og sjå kva områder på vårt nettsted du har besøkt. Vennligst les vår cookiepolicy for meir informasjon.

8  Endringar i personvernerklæringa

Vi vil kunne oppdatere personvernerklæringa frå tid til annan. Du vil få beskjed om endringar av verdi. Du vil alltid finne siste versjon av vår personvernerklæring på nettsida/appen. 

9  Kontaktinformasjon

Dersom du ønsker å kome i kontakt med oss, kan du nytte følgjande kontaktinformasjon: 

Kontaktperson: Bjørn Holum

Telefonnummer: 920 42 074

E-postadresse: bjorn@fosnavagkonserthus.no

Gateadresse: Gerhard Voldnes veg 7

Postadresse: Postboks 97, 6099 Fosnavåg

_
_
_