1

Ørjan Burøe - Store Gutter Gråter Ikke

Det seiast at store gutar ikkje gret. Kvifor ikkje, eigentleg?

Ørjan Burøe påstår i alle fall at han ikkje er noko redd for å vise kjensler. Han kan fint dele det som skjer inni seg med Gud og kvarmann. Det må rett og slett til, meiner han, for då får vi ei betre verd - gjer vi ikkje? Og så får vi mykje stoff vi kan lage humor-show av. Heldigvis så er det lov å snakke om kjensler i våre dagar, snakke om det indre livet og ikkje berre alt maset rundt oss. Dei fleste oppegåande menneske veit godt at det kan gå veldig gale med folk som ikkje evnar å uttrykke kva dei føler. Så kva er det vi ventar på? Store gutar gret ikkje. Jaudå, det gjer dei, men dei treng berre ei skulder å gråte på. Kanskje det kan vere skuldra til Ørjan? For i kveld i det minste.

I tre år har Ørjan Burøe reist med showet «Fordommer» og spelt nesten 200 forestillingar. Med «Store Gutter Gråter Ikke» lagar Burøe nok ein gong ei morsom og personleg forestilling med tette punchlines. Vi håper at du ler og kosar deg, og kanskje til og med gret ein liten skvett - om du tør.

Regi/tekst: Ørjan Liavåg Musikk/tekst: Bjarte Jørgensen

Billettar til Ørjan Burøe - Store Gutter Gråter Ikke

  1. Fre 20. mar kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_