Åge Sten Nilsen m/band

Ein av landets råaste og mest profilerte rockevokalistar til Fosnavåg konserthus

Åge Sten Nilsen gjekk overraskande nye vegar som soloartist då han lanserte sitt første soloalbum på 8 år, SMOOTH SEAS (Don't Make Good Sailors). Parallelt med si nye rockesatsing AMMUNITION, har Åge Sten Nilsen gått mot eit langt meir akustisk uttrykk med eit meir Folk Rock-preg som soloartist. Etter ein lenger periode med akustiske intimkonsertar åleine på scena er han no endeleg klar for å presentere sitt soloband, The Butterflies, live på scenen. 

Grunnbasen i bandet består av Atle Rakvåg (Bass), Ola Aanje (tangenter), Eivind Kløverød (trommer) og strenge-meisteren Freddy Holm, som alle er med på Åge Sten Nilsen sitt nye album "Crossing The Rubicon", nok ein gong produsert av Freddy Holm. 


Billettar til Åge Sten Nilsen m/band

  1. Lau 25. jan kl 19:30 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_