Deilig er jorden

Tenk å få ete is kvar dag!

Det er so herleg når alt kjennes bra. Alle er nøgde. Alle vil være ven med deg. Alle er lykkelege. Gløym alt det kjedelege og dumme. Alle problem er vekke.
Livet er perfekt! Eller?
 

I det lyserøde landet er alle glade og nøgde heile tida. Den lyserøde Keisaren bur i eit lyserødt palass. Kvar dag opnar han dørene og inviterer alle inn til sitt fantastiske popshow! Han syng splitter nye låtar, i nye kule klede. Han er ei superstjerne!  

Ein dag får dei uventa besøk. Ei jente har reist langt for å komme til palasset, fordi ho leitar etter nokon som har forsvunne. Keisarens reparatørar undersøker henne, og reagerer på nokon av orda ho seier. Dei prøver å få henne til å passe inn og bli som alle andre i det lyserøde landet. Ho mistenker at det er noko merkeleg som går føre seg. Tør ho stole på si eiga stemme? Vågar ho å avsløre den store løyndomen sin?  

Deiliger jorden er ei leiken og musikalsk teaterframsyning, som handlar om å tørre å være seg sjølv og å stille spørsmål ved tilvære. 

Velkommen til eit sukkertøy av ei teaterframsyning!  


Billettar til Deilig er jorden

  1. Tor 14. mai kl 18:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_