Deilig er jorden

Leiken juleframsyning for heile familien

Jula nærmar seg i det lyserøde landet. Kvar dag før jul opnar keisaren dørene til Palasset og inviterer alle inn til sitt fantastiske popshow! Han syng splitter nye låtar, i nye kule klede. Han er ei julestjerne! Ein dag får palasset uventa besøk av ei framand jente som ber på ein stor løyndom.


Jenta påstår at jula har forsvunne. Keisarens reparatørar meiner ho tek feil, og prøvar alt dei kan få å få henne til å passe inn i deira syn på verda. Det går ikkje heilt etter planen. Kva skjer når den store løyndomen blir avslørt? Vågar ho å stole på si eiga julestemning?   


Velkommen inn i et behageleg univers kor alle er nøgde, alle er glade, ingen er triste eller sjuke, alle problem er borte, og livet er perfekt! Eller … er det eigentleg mogleg? Og stemmer det at jula varer frå september til påske?


Deilig er jorden er ei leiken og musikalsk forteljing om å stille spørsmål ved tilvære og å finne vegen heim til jul. 


Av Ingrid Askvik og Vera Krohn Svaleng
Regi Ingrid Askvik
Scenografi og kostyme Ida Grimsgaard
Lysdesign Jonas P.A. Fuglseth
Medvirkende 


Billettar til Deilig er jorden

  1. Tys 24. nov kl 18:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_