Eva Weel Skram

Eva gler seg til å kome til Fosnavåg igjen!

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», «Kom igjen» og «Tru», har Eva Weel Skram etablert seg som ein av dei mest folkekjære artistane her til lands. På nyåret slepp Skram sitt andre album med norske tekstar som ho tar med seg ut på vegen vinteren og våren 2021.


Dette ser ho fram til. «Eg gledar meg til å reise ut igjen og spele både gamle og nye låter!» Eva har gjort det til sitt varemerke å levere fengande melodiar med sterke tekstar om tema som ligg hennar hjarte nært, noko som har vist seg å virke både trøystande og inspirerande for hennar stadig veksande publikum.


Året 2020 avslutta Eva på meisterleg vis, med sin første juleturné og heile 40 konsertar – og det i ein periode prega av strenge restriksjonar for
kulturarrangement landet rundt. I 2021 blir det både nytt album, og konsert i Fosnavåg saman med sine musikalske kumpanar. Ein sjanse du ikkje bør gå frå deg!


Billettar til Eva Weel Skram

  1. Tor 4. feb kl 19:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_