Herøy Janitsjar presenterer Tricia Boutté

Herøy Janitsjar med band inviterer til juleswing i storstova

Dirigenten vår, Odd Fossum har dirigert og arrangert for korps og storband på Sunnmøre i ein mannsalder. Han har sjølv arrangert alle låtane, og utfordrar korpset til å yte sitt aller beste.


Til denne konserten kan vi presentere jazzsangerinna Tricia Boutté frå New Orleans og Ålesund. Ho kjem frå ei framtredande familie av musikarar i New Orleans og har jobba med kjende namn som Dr. John, Harry Connick Jr. og Fats Domino. Ho er fast vokalist i Ytre Suløens Jass-ensemble og opptrer forøvrig i forskjellige musikkstilar: Jazz, soul, R&B, funk, gospel og reggae. Nytt denne eineståande sjansen til å oppleve Tricia på scenen i konserthuset!


Konserten vil innehalde eit vell av kjende julelåtar, både norske og amerikanske som for alvor vil sette julestemninga om den ikkje alt er på plass! 


Billettar til Herøy Janitsjar presenterer Tricia Boutté

  1. Lau 19. des kl 18:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_