Holiday Quintet

Frå den spede duostarten i 2006 med brødrene Kvamme Holum har Holidaybandet utvikla seg til å bli ein kvintett og eit fast event i deira kjære heimbygd.

Som utflytta musikarar ønskar dei å vise dei heime litt av kva dei driv med og samtidig skape eit konsertalternativ av høg kvalitet. Av praktiske årsakar vert desse konsertane oftast lagt til feriar og høgtider, derav namnet.

Kvintetten fokuserar på å gi publikum eit avbrekk frå høgtidsmusikken ved å spele kjente låtar i nye arrangement forankra i sitt musikalske virke. Bandmedlemma har brei musikalsk bakgrunn med ein fot i mange ulike sjangrar og miljø, og dette skaper eit variert og mangefasettert uttrykk. 

Årets besetning:
Emma Sævik - vokal
Vegard K.Holum - trompet og div
Torstein K.Holum - gitar og div
John Inge Leira Bjøringsøy - trøorgel og tangenter
Fred-Michael Furesund Knotten - trommer og perc

Sponsa av Olympic Kulturfond


Billettar til Holiday Quintet

  1. Lau 28. des kl 20:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_