Meg og Kammeraten Min

Meg og Kammeraten min kjem!

Sokken min er våt, Tissedansen, Hvilken oppgang bor du i? Gjenta-jenta, Jenta på månen er berre toppen av et BERG songar Meg og Kammeraten min har laga dei siste åra. Fem album har gitt born i alle aldre i alle delar av landet nye klassikarar. Meg, Martin Hagfors og Kammeraten, Erik Johannessen, har nydefinert musikk for born. Ingen tema er for små, ingen er for store for Meg og Kammeraten min. Å vere så tissatrengt at du finn opp ein ny dans, vere forelska, men så veldig forvirra blant alle ringeklokkene i naboblokka, å kjenne seg einsam, trøytt eller å ha ein bestefar som har ein kjæreste som ikkje er bestemor, eller for eksempel ein nestbestekompis som er ein robot eller å sove som ein stein er alle forteljingar som vil bli sunget lenge. Etter utallige konsertar for born i barnehagar og på skular over absolutt heile Noreg, er dei no på vegen igjen med ein boblande turné, fulle av heilt nye songar, heilt kjende songar, passe gamle og passe nye songar og nye påfunn, kort sagt: Hits 4 Kids!


Billettar til Meg og Kammeraten Min

  1. Søn 8. mar kl 12:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_