Morten Abel

med over 40 års erfaring som låtskriver og artist

Med over 600 000 solgte album og heile 5 Spellemannprisar, er han for lengst som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv. Frå Mods til The September When via Peltz, og ikkje minst som soloartist, er Morten Abel ein musikar som stadig fornyer seg


No får du ei unik muligheit til å oppleve Morten Abel tett på. Saman med multiinstrumentalist Thomas Gallatin utforskar Abel det nære duoformatet.


«Vi har lenge hatt lyst til å gjøre noe i et mindre format. Det er utrolig spennende, som å starte band for førstegang», seier Morten Abel


Dei tar for seg låtar frå heile Abel si karriere og gir dei nye drakter. Etter fire tiår som låtskrivar og entertainer, er Abel framleis ein av landets beste formidlarar, og skuffar aldri på scenen. Så du skal ikkje sjå bort frå at ei og anna overrasking dukkar opp, i tillegg til dei gode kjenningane


Billettar til Morten Abel

  1. Tor 29. okt kl 19:00 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_